arbeidsledige_0

Ved månedsskiftet var det registrert 100.000 personer uten arbeid her i landet. Det utgjør 3,7 prosent av arbeidsstyrken, halvparten så høyt som i  USA.

Skrevet .

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) for mars (gjennomsnitt av februar-april) viser ei utvikling i tråd med trenden frå hausten 2012 med om lag uendra sysselsetting og ein svak auke i arbeidsløysa.

AKU viser at det var 4 000 fleire arbeidslause personar i mars 2013 enn i desember 2012 (gjennomsnitt av november-januar), justert for sesongvariasjonar. Denne endringa er innanfor feilmarginen.

Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 1 000 personar i den same perioden, meløder SSB.

Arbeidsløyseprosenten frå førre publiseringa, altså februar (gjennomsnitt av januar-mars), vart justert opp frå 3,5 prosent til 3I EU15 gjekk arbeidsløysa derimot opp med 0,3 prosentpoeng i løpet av same perioden, til 11,2 prosent i mars 2,6 prosent ved den nye køyringa av sesongjusterte tal.

Det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 2 000 personar frå desember 2012 til mars 2013, noko som er innanfor feilmarginen i AKU. I mars 2013 utgjorde dei sysselsette 68,6 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år.

I USA utgjorde dei arbeidslause 7,6 prosent av arbeidsstyrken i mars 2013, ned 0,2 prosentpoeng frå desember 2012. . I EU15 gjekk arbeidsløysa derimot opp med 0,3 prosentpoeng i løpet av same perioden, til 11,2 prosent i mars 2013.

Medan dei arbeidslause i Tyskland utgjorde 5,4 prosent av arbeidsstyrken i både desember og mars, auka arbeidsløysa med 0,4 prosentpoeng i Frankrike, til 11,0 prosent.

I Sverige gjekk arbeidsløysa også opp med 0,4 prosentpoeng frå desember til mars, til 8,4 prosent. I Danmark var arbeidsløysa på 7,2 prosent i mars, ned 0,2 prosentpoeng frå desember.

Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå statistikkontoret til EU, Eurostat.