økland-hege

Styret i Maritime CleanTech West har tilsett Hege Økland som dagleg leiar for klyngeorganisasjonen Maritime CleanTech West.

Skrevet .

Ho skal også ha ansvar for å leia NCE-prosjektet som formelt startar 1. november 2014, heiter det i ei pressemelding.

Næringsklynga, Maritime CleanTech West, fekk tildelt status som Norwegian Centre of Expertise (NCE) i juni i år. NCE-programmet er for klynger med bedrifter som kan hevda seg i verdstoppen innanfor sine felt, ifølgje Innovasjon Norge. MCTW inneheld næringsaktørar frå heile den maritime verdikjeda, leverandørar av fornybar energi, i tillegg til forskings-, utviklings- og utdanningsmiljø på sørvestlandet. Klynga har sitt opphav og tyngdepunkt i Sunnhordland, men har no deltakarar frå regionen mellom Bergen og Stavanger. Totalt er det i dag over 30 deltakarar i MCTW-klynga. Som NCE-prosjekt skal klynga arbeida for å ta ein verdsleiande posisjon innan utvikling og lansering av energieffektive og miljøvenlege løysingar til maritim sektor.

Nils Aadland er tilsett som Prosjektleiar i klyngeorganisasjonen, og vil særskilt ha ansvar for konseptutvikling og etablering av fellesprosjekt innan utvikling og demonstrasjon av nye fartøyskonsept. Nils har mange års erfaring frå toppleiar-nivå frå maritim verksemd, IT-bransjen og mekanisk industri.

Både Hege og Nils har vore sentrale i oppbygginga av klyngeprosjektet Maritime CleanTech West. Som NCE-prosjekt vil klyngeorganisasjonen bli styrka med fleire ressursar, og me søkjer no etter Prosjektleiar som skal ha særskilt ansvar for etablering og gjennomføring av ulike innovasjons- og utviklingsprosjekt i klynga, går det fram av pressemeldinga