Skjermbilde-2015-05-12-kl-135828-980x500[1]

Byggeleiar Cato Severinsen (til venstre) og prosjektleiar Abjørn Opedal kan gle seg over at l E134 Skjoldavik-Solheim opnast tirsdag. foto: Statens Vegvesen

I morgen åpner statssekretær Tom Cato Karlsen den nye veistrekningen Skjoldavik-Solheim.

Skrevet .

 

Den høgtidelege opninga i Vindafjord kommune startar klokka 11:00. Frå Statens vegvesen deltek mellom anna regionvegsjef Helge Eidsnes og avdelingsdirektør Astrid Eide, heiter det i ei pressemelding frå Statens Vegvesen.

Asbjørn Opedal i Statens vegvesen har vore prosjektleiar.

- Å endeleg opne vegen er stort. Vi har bygd eit flott anlegg som vi er stolte av, seier han.

Rett kvalitet til rett tid

- Det mest krevjande var i området rundt miljødelen av Vikanestunnelen aust. Der var det store utfordringar med til dels dårleg fjellkvalitet. I tillegg var delar av sprenginga berre ti meter frå skulen. Men alt gjekk etter planen, og vi har produsert rett kvalitet til rett tid, poengterer prosjektleiaren.

Den nye vegen har faktisk vore i bruk sidan skulestarten i haust.

- Dette var eigentleg ikkje planen, men vi er veldig nøgde med at entreprenøren Vassbakk & Stol fekk det til. Det ga både tryggare skuleveg og oss meir ro i arbeidet, fortel Opedal.

Ingen alvorlege skader

Han er også særs nøgd med at dei ikkje har hatt alvorlege hendingar eller skader, trass i at heile 150.000 arbeidstimar er lagt ned i prosjektet.

Anleggsarbeidarane i Skjold har jobba på spreng sidan anleggsstarten i august 2013. Komande tysdag blir prosjektet endeleg offisielt opna. Etter opninga blir det lunsj for inviterte gjester på Skjold Arena.

Dette er Skjoldavik-Solheim

  • Vegprosjektet E134 Skjoldavik- Solheim er ein del av stamvegen mellom Haugesund og Drammen. Prosjektet er ei oppfølging av gamle veg-planar og prioriteringar
  • Vassbakk & Stol har vore hovudentreprenør
  • 2,8 kilometer ny veg med midtdelar
  • Fem kilometer med sidevegar, gang- og sykkelvegar, rampar og jordbruksvegar.
  • Sju bruer. Ei E134-bru, gang- og sykkelvegbru, bru i toplanskrysset, to bruer til eigedommar. Dalabrua koplar den kommunale vegen ved kyrkja, og Solheimsbrua som bind fylkesvegen saman med Skjoldastraumen
  • Vikanestunnelen 370 meter, inkludert 90 meter miljøtunnel
  • Eggjatunnelen som er 320 meter lang
  • Busslommar, rundkøyring og parkeringsplass for pedlarar
  • Prisen for prosjektet er 416 millionar kroner. 360 millionar er frå Hauglandspakken, resten er statlege midlar