stord_konf_2012_0

Er og blir vi attraktive nok? er spørsmålet som blir reist under Sunnhordlandskonferansen (tidlegare Stord-konferansen) 11. juni. Sterke namn er på talarlista.

Skrevet .

Bakteppet er rekordhøge investeringar i Nordsjøen og Norskehavet, store ordrereservar hos lokale hjørnesteinsverksemder, men også ein norsk leverandørindustri som det siste halve året har sett store kontraktar gå til utlandet.

Er me attraktive nok?
Kva skjer på kostnadssida når aktiviteten er stor? Kor attraktive er me då?

Arrangøren stiller også spørsmålet kva moglegheiter det er i den petromaritime næringa, og får svar frå mellom andre administrerande direktør Gro Brækken i Norsk Olje og Gass, BI-professor Torger Reve og analytikar Jarand Rystad.

I tillegg kjem politikarane Erna Solberg (H), Siv Jensen (Frp), Knut Arild Hareide (Krf), Audun Lysbakken (SV), Helga Pedersen (Ap) og Terje Breivik (V) for å debattera framtidas industripolitikk.

Adm. dir. Peder Sortland i Apply og teknisk direktør Ole Kristiansen i Kleven- konsernet vil fortelja om korleis deira verksemder tenkjer strategisk for å vera attraktiv.

Edutainer Pellegrino Riccardi gjev eit skråblikk på årets Sunnhordlandskonferanse.

Den 11. juni er det 100 år sida Stortinget vedtok stemmerett for kvinner, så Sunnhordlandskonferansen får sjølvsagt kvinnelege ordstyrarar denne dagen. Prosjektleiar Atheno AS, Astrid Kjellevold Steinsland og dagleg leiar Stord Næringsråd, Anne-Grete Sandtorv (bildet) tek jobben.

http://sunnhordlandskonferansen.no/paamelding