Bare tre kommuner vil overleve

31.03.2014
Ekspertutvalet som i dag la fram sin rapport om kommunestrukturen, meiner at alle kommunar i framtida bør ha minst 15.000-20.000 innbyggjarar. Statsråd Sanner er skeptisk.
Utvalet meiner at eit innbyggjargrunnlag på 15.000 til 20.000 er naudsynt for at kommunane skal kunne gi ei skikkeleg tenestetilbod innan breie tenester og gode nok fagmiljø i spesialiserte tenester som barnevern, meiner ekspertutvalet.

Dette betyr at alle kommunar i vår region med unntak av Haugesund, Karmøy og Stord er for små til å kunne driva vidare sjølv.

Les Egil Severeide sin tidlegare kronikk om kommunereformen her.

Breie tenester er først og fremst helse, omsorg og undervisning. Spesialiserte tenester er til dømes barnevern, spesialundervisning, legevakt og PPT (Pedagogisk psykologisk teneste).

Utvalet meiner at talet på kommunar i Noreg må ned mot 100, mot 428 i dag.

Kommunalminister Jan Tore Sanner seier i ein kommentar at det ikkje er naturleg å setje eit minstetal på 15.000 innbyggjarar i norske kommunar, og at vi i framtida heilt sikkert vil ha kommunar med færre innbyggjarar.

Sanner seier likevel at han er samd i konklusjonane i rapporten, og denne blir eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med ein ny kommunestruktur.

Sanner gjer det klart at han ynsker eit breitt samarbeid om kommunestrukturen i Stortinget.

Her er heile artikkelen frå NRK.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund