Bedre i alle kommuner

01.12.2017
Ledigheten går ned i alle kommuner, men noen sliter fortsatt med høye tall. Sjekk din kommune!
Rogaland i alt 7 991 3,1 -3 714 -32– Nedgangen i arbeidsløysa held fram i november og samanlikna med november 2016 er det færre heilt utan arbeid i alle kommunar og innan alle yrkes- og aldersgrupper i Rogaland. Samstundes er arbeidsløysa fortsatt høg i Stavanger, Sandnes og Sola, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Ved utgangen av november var 7 991 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2016 er dette ein nedgang på 32 prosent. 2 381 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i november. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 10 372 personar, tilsvarande 4,0 prosent av arbeidsstyrka. Bruttoarbeidsløysa har gått ned med 25 prosent sidan november 2016.

4 576 personar hadde vore arbeidssøkjar i meir enn 26 veker i november. Dette er 1 421 færre enn på same tidspunkt i fjor. Samstundes har talet på dei som har vore ledige i meir enn 104 veker auka med 49 prosent i same periode. – Relativt mange personar har vore heilt utan arbeid i meir enn to år og vi i veit at dette er ein krevjande situasjon for den enkelte. Å hjelpe desse til å finna arbeid, anten i Rogaland eller andre stader, vert ei av NAVs viktigaste oppgåver i tida framover, seier Truls Nordahl.

Store kommunevise variasjonar i arbeidsløysa

Det er store skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause og dette tilseier at mobilitet mellom kommunane kan vere måten å finne arbeid for mange arbeidssøkjarar. Størst arbeidsløyse er det i Sola, Sandnes og Stavanger der bruttoarbeidsløysa er høvesvis 4,9 prosent, 4,8 prosent og 4,6 prosent i november. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal, Bjerkreim og Lund med høvesvis 1,1 prosent og 1,8 prosent.

Færre unge er heilt arbeidslause Talet heilt arbeidslause mellom 16 år og 29 år er fortsat på veg nedover i Rogaland. I november var 1928 i denne aldersgruppa registert som heilt arbeidslause, ein nedgang på heile 36 prosent samanlikna med november 2016. 868 personar mellom 16 år og 29 år gjekk i november på arbeidsretta tiltak. Dette er like mange som i november 2016.

- Eit hovudmål for NAV er å hjelpe unge med å finne arbeid, og mykje godt arbeid blir gjort på NAV-kontora, fortel Truls Nordahl. – Det gleder meg at talet unge heilt arbeidslause er blitt kraftig redusert det siste året, samstundes som NAV kan tilby gode tiltaksplassar, seier han.

1 834 utlyste stillingar i november

Det vart utlyst 1 834 ledige stillingar i Rogaland i november. NAV starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at NAV og arbeidssøkjarar i Noreg kan finne fleire ledige jobbar. Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette. Auken kan difor ikkje tolkast som ein direkte auke i etterspørsel etter arbeidskraft.

Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i november var Helse, pleie og omsorg (347), Bygg og anlegg (260), og Ingeniør- og ikt-fag (237).


(Kommune  antall ledige, ledige i prosent av arbeidsstyrken),


Rogaland i alt 7 991 3,1 -3 714 -32


Eigersund 252 3,2


Sandnes 1 580 3,8


Stavanger 2 626 3,6


Haugesund 549 2,8


Sokndal 46 2,8


Lund 19 1,1


Bjerkreim 23 1,4


213 2,0


Klepp 313 2,9


Time 264 2,5


Gjesdal 210 3,1


Sola 571 4,0


Randaberg 159 2,7


Forsand 10 1,6


Strand 194 3,0


Hjelmeland 25 1,7


Suldal 14 0,7


Sauda 32 1,4


Finnøy 32 1,8


Rennesøy 73 2,7


Kvitsøy 5 1,8


Bokn 8 1,8


Tysvær 89 1,6


Karmøy 533 2,5


Vindafjord 150 3,1



 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund