Over 70 prosent av dei som fikk tilbod om høgare stilling i fjor, takka ja, seier Helse Vest. Fotot:studvest.no

Over 70 prosent av dei som fikk tilbod om høgare stilling i fjor, takka ja, seier Helse Vest. Fotot:studvest.no

Helse Vest er best i landet på å gi tilsette heiltidsstillingar. Frå desember 2010 til august 2013 har 2365 fleire medarbeidarar i Helse Vest fått heil stilling.

Skrevet .

I 2011 fikk helseføretaka eit krav frå Helse- og omsorgsdepartementet om å få ned talet på deltidsstillingar.

No er Helse Vest best i landet på heiltid, viser ein fersk undersøking frå KLP.

Helse Vest RHF Våren 2011 lanserte Helse Vest ei omfattande deltidskartlegging, kor alle medarbeidarane fekk sjansen til å registrere om dei ønsker høgare stillingsprosent.

Samstundes gjorde føretaka eit betydeleg arbeid i å motivere medarbeidarar til å registrere ønska sine i, anten det gjaldt på kort eller lang sikt.

Medarbeidarane kan når som helst endre ønska sine i heiltidsmodulen om for eksempel endring i livssituasjon gjer at dei vil jobba meir eller mindre, skrive Helse Vest i sitt nyhetsbrev.

Men ei slik registrering/kartlegging er ikkje nok om ikkje leiinga er villig til å tilby høgare stillingsprosent til dei som ønsker det.

I ei fersk undersøking frå KLP kjem det fram tal som tyder at helseleiarane i Helse Vest er villige til å gå langt for å tilby sine medarbeidarar heiltidstillingar.

Både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ligg betre an enn resten av landet.

– Dette har vore ein heilt bevisst politikk i Helse Vest i mange år, seier Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF, som peiker på mange gode grunnar til at det er viktig å få opp talet på heiltidsstillingar.

– Pasientane får betre kvalitet på tenestene ved at dei møter dei same medarbeidarane, og det blir enklare å planlegge. Det blir òg eit betre arbeidsmiljø og medarbeidarane får større innflytelse på arbeidsplassen om dei er der ofte.

Frå desember 2010 til august 2013 har 2365 fleire medarbeidarar i Helse Vest fått heil stilling, og talet aukar for kvar månad, 1695 har fått høgare stillingsprosent enn før og 1088 fleire har fått fast stilling.

Over 70 prosent av dei som fikk tilbod om høgare stilling i fjor, takka ja. Dette er ein framgang i forhold til 2011 då om lag halvparten av dei som fekk tilbod om høgare stilling takka ja.

– Eg trur vi har passert eit tidskille når det gjeld heiltid i spesialisthelsetenesta, seier Christiansen.

–Det er no er i ferd med å etablere seg ein heiltidskultur blant medarbeidarane våre. Dette er positivt for alle, ikkje minst for pasientane.