Blir han ny rådmann?

02.09.2015
Ja, lokalavisa Grannar er sikker i sin sak; Pål Nygård (40) blir  ny rådmann i Etne.




Pål  Nygård er  i  dag  strategi-  og  utviklingssjef  ved  revmatismesjukehuset  i  Haugesund.  Han  har  også  erfaring  frå  kommunal  sektor,  mellom  anna  ein  lengre  periode  som  næringsrådgivar  i  Karmøy  kommune, skriv lokalavisa.




Nygård er  busett  i  Haugesund.

Ifølgje  ordførar  Sigve  Sørheim  var  han  førstevalet  blant  dei  sju  søkjarane  til  stillinga.

—  Han  har  ein  god  utdanning  og  relevant  bakgrunn.  I  intervjurunden  viste  han  også  god  innsikt  i  dei  utfordringane  Etne  kommune  står  overfor,  seier  Sørheim.

Formelt  er  det  kommunestyret  29.  september  som  tilset  rådmann.

—  Me  ønskjer  å  ha  han  på  plass  så  snart  som  mogleg,  derfor  kan  det  hende  det  blir  ekstraordinært  kommunestyre  noko  tidlegare  som  tilsett  rådmann,  seier  Sørheim.

Formannskapet  gir  sitt  råd  til  kommunestyret  8.  september, skriv Grannar.

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund