etne-utbygging

-Eit godt og miljøvennlig prosjekt lagt inn i fjellet, seier adm.dir.Olav Linga om utbygginga i Etne.

Haugaland Kraft vil bygga eit heilt nytt kraftverk i Liteldalen, samt tre nye mindre kraftanlegg høgare oppe. Det gamle anlegget på Hardeland blir lagt ned, skriv lokalavisa Grannar.

Skrevet .

Gjennom ei melding til NVE har Haugaland Kraft nå lagt fram sine omfattande planar for rehabilitering og modernisering av kraftverka sine i Etne. Prosjektet «Nye Etne» blir presentert på eit informasjonsmøte i Etne Kulturhus 19. november.

Planane går ut på å auka produksjonen til rundt 242 GWh/år, ein auke på rundt 15 prosent og tilsvarande kraft til ca 1.500 husstandar.

Utbyggar har lagt fram tre alternativ der hovudalternativet har ein forventa prosjektkostnad på ca 750 millionar kroner. I tillegg kjem investeringar på nettforsterkning i området.

— Dette er eit anlegg for framtida, eit godt og miljøvenleg prosjekt der mesteparten er lagt inne fjellet, seier administrerande direktør Olav Linga i ein kommentar

Les meir her:

http://grannar.no/2013/11/kraftutbygging-750-millionar/