global_future_1

Ved årsskiftet budde det 449 000 utanlandske statsborgarar i Noreg. Dei utgjorde dermed nærare 9 prosent av dei 5 051 000 busette her i landet.
 

Skrevet .

Talet på utanlandske statsborgarar voks i 2012 med 41 500 personar, til nærare 449 000. Det svarar til 63 prosent av den totale folketilveksten på 65 400 i fjor.

Dette er den største auken i utanlandske statsborgarar nokon gong: 3 500 større enn i 2011.

Det var talet på polske statsborgarar som auka mest i 2012, slik det har vore kvart år sidan 2004. Auken på 10 500 i 2012 var om lag 1 000 lågare enn i 2011.

Ved årsskiftet budde det 77 100 personar med polsk statsborgarskap i Noreg, og dei utgjorde den største gruppa med utanlandsk statsborgarskap.

Litauiske statsborgarar var dei som i tal voks nest mest i 2012, med ein oppgang på 6 700, til 30 700 busette.

Elles var det gruppene med eritreisk og somalisk statsborgarskap som hadde størst vekst, med respektive 2 400 og 2 200 personar i 2012.

Svenske statsborgarar, i alt 43 100, utgjorde den nest største gruppa med utanlandsk statsborgarskap her i landet ved årsskiftet.

Det var òg mange tyskarar og danskar busett her, respektive 24 400 og 21 900.  

Les meir her: http://ssb.no/befolkning/statistikker/folkemengde/aar/2013-03-13