arbeidsledige

Talet på arbeidslause auka med 11 000 frå august til november 2012. Dei arbeidslause utgjorde 3,5 prosent av arbeidsstyrken i november, melder SSB

Skrevet .

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 11 000 fleire arbeidslause personar i november (gjennomsnitt av oktober-desember) enn i august (gjennomsnitt av juli-september) 2012, justert for sesongvariasjonar.

Auken kom både blant menn og kvinner. I tillegg kom auken både blant dei under 25 år og dei i alderen 25-74 år, men var sterkast i den sistnemnde gruppa.

Til samanlikning var talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV uendra i november samanlikna med august.

Dei 94 000 arbeidslause i november svarte til 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette var 0,4 prosentpoeng meir enn i august. I heile 2012 fram til og med oktober var den sesongjusterte arbeidsløysa på mellom 3,0 og 3,3 prosent.

Les meir her: