HSH-musikere etc

HSH er blant vinnarane når Regjeringa deler ut 500 nye studieplassar i revidert nasjonalbudsjett.

Skrevet .

- Me får 45 studieplassar, og oversikta viser at HSH er ein av dei institusjonane i landet som får flest plassar. Det gler me oss stort over, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt.

Oversikta som Kunnskapsdepartementet la fram sist veke viser at det berre er tre institusjonar som får fleire nye studieplassar enn HSH. Det er Universitetet i Bergen (60) NTNU (50) og Høgskolen i Bergen (54)

Det er innanfor teknologi/realfag og helsefag Regjeringa vil ha vekst og fleire studentar. Dei fleste av dei 500 nye studieplassane frå Regjeringa er målretta plassert til desse områda.

- Me er tildelt 15 studieplassar innan tekniske fag. Dei går inn mot den nye masterutdanninga vår i brannsikkerhet, som me startar i haust.

- Dei 30 andre studieplassane er såkalla strategiske studieplassar. Her er me den institusjonen i landet som får flest plassar. At dei ikkje er øyremerka gir oss ein fridom til å bruka dei til det beste for regionen vår, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt.

Les meir her:

http://www.hsh.no/nyheter/2015060000002649