Gassferjer utan klimagevinst

19.11.2012
Gassferjene har ikkje gitt forventa reduksjon i klimagassutsleppa frå norsk ferjetransport, skriv Bergens Tidende.
Utsleppa av nitrogenoksid (NOx) og svoveldioksid (SO2) er redusert, men det er ingen reduksjon i forureining frå dei to verste klimagassane når det gjeld drivhuseffekt - karbondioksid (CO2) og metan (CH4).

Det er konklusjonen i den siste miljørapporten for innanriksferjene, publisert av Sjøfartsdirektoratet, Vegdirektoratet og NHO Sjøfart.

Rapporten inneheld utsleppsdata for 193 ferjer - 11 av dei med gassdrift - for 2011, og viser auka totalutslepp av både CO2 og metan i høve til dei to føregåande åra.

Sidan 1999 har ferjeflåten auka CO2-utsleppa med 15 prosent, og har dermed gjort sitt til at dei samla norske innlandsutsleppa av klimagassen ikkje held tritt med lovnader i den internasjonale Kyoto-avtalen.

- Vi er på god veg med miljømåla våre, protesterer Harald Thomassen, administrerande direktør i NHO Sjøfart. Han viser til at Noreg er verdsleiande på gassferjedrift, og at drivstofforbruk og NOx-utslepp har gått markant ned i ferjeflåten dei siste åra.

- Vi var først i verda med gassferje i 2000, vi har verdas største gassferje på Boknafjorden, og no får vi snart den første batteridrivne ferja. Vi arbeider aktivt med miljøspørsmål, og har etablert ein miljøhandlingsplan saman med Norges Naturvernforbund, seier han.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund