grimstvedt-rektor

I Statsbudsjettet for 2014 ligg det inne 30 nye studieplassar innan ingeniørfag til HSH. – Veldig gledeleg, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt.

Skrevet .

I Statsbudsjettet for 2014 ligg det inne 30 nye studieplassar innan ingeniørfag til HSH. –Veldig gledeleg, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt.

Med dei føreslåtte nye studieplassane følgjer det pengar med. For 2014 inneber det ei auke på HSH sitt budsjett med 0,9 millionar kroner, og med ei opptrapping over fleire år betyr tildelinga av nye studieplassar ei styrking av budsjettet med om lag ni-ti millionar kroner.

– Det gir oss eit større og betre handlingsrom. Me er godt nøgde med dette forslaget, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt til hsh.no
Ho er og glad for at den avtroppande Regjeringa føreslår 11 månaders utdanningsstøtte.

Like godt nøgd er ikkje HSH-rektoren med at høgskulen ikkje fekk nokre nye stipendiatstillingar. Regjeringa har sett av 60 nye stipendiatstillingar innan MNT-faga og profesjonsfaga.

– Det er veldig skuffande at ikkje HSH fekk nokre nye stipendiatstillingar. Her burde det vore fleire stillingar og større satsing frå Regjeringa.

Les meir her: http://www.hsh.no/nyheter/2013100000002343

Les kva Rogaland får i årets statsbudsjett her: http://www.h-avis.no/nyheter/3-7-millioner-til-haugesund-toppidrettsgymn…

– See more at: http://old.hninfo.no/gir-oss-betre-handlingsrom/149898#sthash.KfZ4Z2RN.dpuf