Gir strykkarakter til maritim utdanning

28.09.2012
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen meinar den norske maritime utdanninga er for dårleg. - Situasjonen er uholdbar og utviklinga må snuast.
Han viser til 25 revisjonar som direktoratet har gjort av maritime utdanningsinstitusjonar i Norge dei siste to og eit halvt åra. I desse revisjonane er det funne 150 avvik.
Det tyder i snitt seks avvik per skule, skriv Stavanger Aftenblad - Avvik i denne samanheng er ei alvorleg sak og tyder at skular med avvik ikkje når opp til internasjonale minimumskrav. Avvika me har registrert dreiar seg om mangelfull kvalitet og sviktande kvalitetsstyringssystem.

Ved dei maritime høgskulane er utfordringane størst. Fleire skular er ofte underfinansierte, har dårleg utstyr og manglar kompetente fagfolk. Slik kan me ikkje ha i sjøfartsnasjonen Norge. Det går utover Norges omdømme internasjonalt og i er samtidig ein tryggingsrisiko, seier Akselen. Sjøfartsdirektøren ber skuleeigarane, som er stat og fylke til å få orden på kvaliteten i maritim utdanning.

I Norge finst meir enn 60 maritime utdanningsinstitusjonar. Fem av desse er høgskular som er finansierte av staten. Det er Vestfold, Haugesund, Ålesund, Tromsø og Sjøkrigsskulen i Bergen. Dertil kjem mange maritime fagskular, vidaregåande skular og private tryggleikssentra. I revisjonane som Sjøfartsdirektoratet har gjennomført blei det funne avvik ved alle skulane. - Ved nokre skular blei det funne tre til fire avvik ved andre 14 til 15, opplyser fungerande underdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Jack-Arild Andersen. Han legg til at ved høgskulane er hovudutfordringa å få på plass system for kvalitetsstyring og kontroll.

Ved dei vidaregåande og fagskulane manglar ofte god nok finansiering til investering i utstyr, samt til drift av system for kvalitetsstyring og kontroll, seier Andersen.
http://www.aftenbladet.no/energi/Strykkarakter-til-maritim-utdanning--3038249.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund