fjordbåt

Urban Water Shuttle- også kalt fjordtrikken- er eit resultat av velfungerande klyngesamarbeid på Sørvestlandet.

Klynga for grøn skipsteknologi på Stord får europeisk gull for velfungerande klyngesamarbeid.

Skrevet .

Klynga for grøn skipsteknologi på Stord får den framste utmerkinga, såkalla gullsertifisering, frå det europeiske klyngesamarbeidet.

Dette betyr at klynga, som har hovudkontor på Heiane på Stord, er plassert i den ypparste elitedivisjonen for denne type klyngesamarbied, skriv Stord24.

– Gullstatusen heng høgt og løftar NCE Maritime CleanTech opp på eit krevjande internasjonalt nivå. Denne stadfestinga betyr også at klynga ligg fremst og representerer «beste-praksis».

Det handlar om framifrå utvikling av framtidsretta berekraftige løysingar basert på den sterke maritime kompetansen me har som nasjon, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge .

Dette er femte gong at eit norsk klyngemiljø får denne utmerkinga. Frå før har NCE Subsea i Bergen, NCE Node i Kristiansand og NCE Oslo Medtech fått tilsvarande utmerkingar.

Utmerkinga er ein del av eit EU-initiert system for kvalitetsutvikling av næringsklynger. Ei omfattende evaluering frå dei europeiske klyngeekspertane førte altså til ei «gull-sertifisering» for selskapet, skriv sysla.no.

Kåringa er gjort etter at representantar frå EU har vore på inspeksjon på Stord. Klynga har oppnådd gode resultat i målinga av 31 omfattande indikatorar, og er dermed verdig gullsertifiseringa.

Urban Water Shuttle er eit av klyngeprosjekta som har fått størst merksemd.