naeringsparken

Oljå skal stiga til ufattelege høgder i nærast grenselaust omfang. Nå vil Haugalandet ha ein større del av kaka

Skrevet .

Om to tre år vil skal det brukast nær 400 milliardar på norsk sokkel til investeringar i nybygg, ombygging, drift og vedlikehald. Dette opplyste analytikar Jarand Rystad under eit seminar i Haugesund nyleg.

Samtidig viste kommunar og næringsforeiningar på Haugalandet fram 6000 dekar med ferdig næringsareal til den nye oljealderen rett aust for gigantfunnet Johan Sverdrup.

Nytt vegsamband

Haugesund og Karmøy kan tilby eit par hundre dekar i grenselandet mellom dei to kommunane på Raglamyr og Norheim. I tillegg er det tatt i bruk eit næringsområde på nær 500 dekar ved E39 i Aksdal i Tysvær.

Men ifølgje leiaren i Haugesundregionens Næringsforening, Egil Severeide, er det digre næringsarealet på Gismarvik-halvøya i Tysvær som skal bli sjølve motoren i ny næringsutvikling i regionen.

Ny veg (T-sambandet) mellom Karmøy, Tysvær og Haugesund skal gå gjennom området. Når T-sambandet opnar neste vår, skal køyretida frå Stavanger krympast til litt over ein time.

Les mer her:
http://www.aftenbladet.no/energi/Haugalandet-vil-ha-storre-del-av-oljekaka-3052600.html