Høgsk9olen på Vestlandet

Sterke nærregionar er viktig for vekst og utvikling i HVL, meiner Råd for samarbeid med arbeidslivet i nærregion Stord/Haugesund. Framme frå venstre: Anne-Grete Sandtorv (Stord Næringsråd), Egil Severeide (Haugesundregionens Næringsforening), Liv Reidun Grimstvedt (HVL), Wenche Tislevoll (Samarbeidsrådet for Sunnhordland), Arne Bergsvåg (Rogaland Fylkeskommune), Gro Jensen Gjerde (Samarbeidsrådet for Sunnhordland), Liv Marit Vedøy (Helse Fonna), Georg Førland (HVL), Sigurd Sandvold (HVL), Arne-Christian Mohn (Haugesund kommune), Tage Båtsvik (HVL), Sverre Meling jr. (Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland), Nina Østensjø Borrevik (Atheno), Jakob Bjelland (Stord kommune) og Tormod Karlsen (Haugaland Vekst). Fotot5: Svein Ove Eikenes, HVL

Skrevet .

Høgskulen på Vestlandet HVL treng gode råd frå arbeidslivet – og arbeidslivet treng gode råd frå HVL. I nærregion Stord/Haugesund er samspelet med arbeidslivet langt, sterkt og godt.

Alle norske universitet og høgskular har Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). I nærregion Stord/Haugesund har ein i mange år hatt eit aktivt råd som møtast to gongar i året for å samarbeide meir, informere kvarandre betre, utfordre, lytte og byggje seg sterke saman. Akkurat det siste er mange opptekne av, skriv HVL på sine nettsider.

I dag var det møte på campus Stord og tema var:
1. Nytt frå Høgskulen på Vestlandet
2. Råd for samarbeid med arbeidslivet – undervegsevaluering frå NIFU

Prorektor Liv Reidun Grimstvedt innleia og fortalte om utviklinga av HVL og kva som skjer av arbeid vidare.

Fleire av medlemmene i rådet peika på dei positive moglegheitene som no ligg føre med å samla kompetansen på tvers. Ikkje minst det å få til nye studietilbod og forskingsprosjekt i nærregionane, ved dei ulike campus og på tvers av heile Vestlandet.

– Tenk om me kunne få realisert ein stor idrettshøgskule på Vestlandet. No ligg moglegheita der, oppmoda Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn.

Eit anna tema i ordskiftet var betydinga av å sjå heile Vestlandet som ein kompetanseregion. Ein region kor HVL har ein sentral plass.

– Me må sjå heile Vestlandet under eitt. Eg har eit ønskje om å få til eit tettare samarbeid med UiB og UiS inn mot klyngene, sa Egil Severeide i Haugesundregionens næringsforening i sitt innlegg.

For kommunane er tilgang på vidareutdanningar og det å bli trekt inn i forskingsprogram meir og meir viktig, kommenterte Gro Jensen Gjerde og Wenche Tislevoll i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Sverre Meling jr. i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland og Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd poengterte behovet for å få entreprenørskap inn på alle utdanningar og på alle nivå.

– Relevans og nært samarbeid med arbeidslivet gir verdiskaping. Difor treng me å møtast og snakke det same språket, sa Sandtorv.

– Entreprenørskap ligg rotfesta i det vestlandske, og det må vera ein del i ryggraden til HVL, la Meling jr. til.