hsh_4

Lærarutdanninga ved Høgskolen Stord/Haugesund har fått tildelt midlar til eit stort forskingsprosjekt frå Noregs forskningsråd.

Skrevet .

– Dette er veldig kjekt og gøy. Det kom i alt inn 61 søknader i denne utlysingsrunden, og me på HSH er blant dei åtte utvalde prosjekta i landet som Noregs forskingsråd no har gitt eit såkalla Strategisk høgskoleprosjekt til, seier prosjektleiar Knut Steinar Engelsen i HSH.

I går samla han forskarteamet på Stord. Stemninga var god.

– Me har enno ikkje fått detaljar om budsjettramma, men me søkte om ca. 13,3 millionar kroner.

Det nye treårige forskingsprosjektet på HSH heiter «Improvisation in Teacher Education: Curricula and Practice in Dynamic Interplay – to a stronger focus on quality aspects in contents and forms of activities in practicum as well as the quality in interaction between what goes on in the classroom and in teacher education subjects and curricula.»

– Målet vårt er mellom anna å utvikla HSH sine lærarutdanningar for å gjera dei meir relevante og dynamiske, både når det gjeld teori- og praksisdelen.

Les heile saka på HSHs egne nettsider her: http://www.hsh.no/nyheter/2012100000002217