hydrokarmoey_391522a

En framtidig utbygging av Hydro Karmøy er truet dersom de nye oljefeltene skal få elkraft fra Kårstø.

Skrevet .

– Nye store straumuttak i dette området utgjer ei klar ulempe for ei framtidig utbygging av aluminiumsverket på Karmøy.

Det er verksdirektør hos Hydro på Karmøy, Are Jaastad, som seier dette til aftenbladet.no. Han viser til at eit større uttak av elektrisk kraft frå Haugalandet til dei nye oljefelta i Nordsjøen blir problematisk i høve til linjekapasitet og for kraftbalansen i området.

Frå Kårstø til havet

I følgje nye planar skal det frå Kårstø byggjast ei overføringslinje for elkraft og fram til ei ny distribusjonsplattform i havet. Derifrå skal el-kraft fordelast til dei nye oljefelta Johan Sverdrup, Dagny, Ivar Aasen og Edvard Grieg. Kraftleveringa til dette området skal i følgje ein fersk plan, som Statoil har laga, starta i 2018. Estimert kraftbehov for dei fire oljefelta ligg mellom 250-300 Megawatt, heiter det i ei melding frå Statoil.

Alternativ til Kårstø

Hydro skriv i brev til Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) at ei planlagt utviding på Karmøy krev forbruksauke frå dagens 350 til 715 Megawatt. Hydro ber samtidig Statoil vurdera andre tilknytingspunkt til straumnettet enn Kårstø. I brevet til NVE peikar Hydro også på at behovet for kraft på Utsira-høgda kan auka til meir enn 300 Megawatt.