hsh_bygg

Styret i HSH gir grønt signal for å gå i fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane

Styret i HSH gir grønt signal for å gå i fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vestlandshøgskulen skal vera på plass 1. januar 2017.

Skrevet .

Torsdag 10. mars var det styremøte i HSH. Fusjonssaka var ei av tre store saker.

Styret gjorde det tidleg klart at fusjonssaka var godt greidd ut i sakspapira, men dei ynskte å tydeleggjere mandatet til forhandlingsdelegasjonen som består av rektor Liv Reidun Grimstvedt og direktør Tage Båtsvik. Dei peika på vedtaket frå førre styremøte i februar som viktig å ta med seg:

HSH forutsetter at følgende intensjoner for utviklingen av den nye institusjonen ligger til grunn i den videre fusjonsprosessen: 

  • Å bli del av en fremtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der de viktigste samarbeidspartnerne blir UiB, UiS og HiVolda.
  • Å bygge sterkere og mer robuste fagmiljøer (master, ph.d., forskning) i en ny flerkampusinstitusjon som om få år kan bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
  • Å bli en konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal sammenheng – attraktiv for studenter og fagpersoner, ressurstilgang og posisjoner.
  • Å sikre og videreutvikle dagens studiesteder slik at regionrollen ivaretas bedre enn i dag.
  • Å kunne svare bedre på de omstillingsbehovene som vil komme.

Rektor og styreleiar Liv Reidun Grimstvedt ser fram til å gå i fusjonsforhandlingar med dei to andre høgskulane.

- Me skal møtast kommande veke og startar på arbeidet. Målet er å ha ein felles fusjonsplattform til handsaming i styra våre i mai og juni.

- Arbeidet så langt er prega av ein god tone og me er tre institusjonar som verkeleg vil bygga og utvikla ein ny og sterk høgskule i lag. Me gler oss til å gå i gang.

 

Les meir her:

http://www.hsh.no/nyheter/2016030000002768