brian bjord

Fylkesmannen slet med å feste medaljen til Brian Bjordals bryst. For øvrig ble det en høytidsfull kveld for den nyslåtte ridderen

Skrevet .

– En av fem i hele landet dette året, ikke dårlig! fleipet den joviale ex-sjefen på Gassco. Utmerkelsen som fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa overrakte i Rederiforeningens lokaler i Haugesund denne uka, henger høyt. Den ble gitt til en mann som betegnes som teambygger, strateg, og en tydelig leder med gode sosiale antenner.

-En gigant i olje- og gassverden, sa Erik Johnsen fra departementet i sin tale til Brian Bjordal. Gjennom ulike hilsningstaler fikk de tyvetalls gjestene et godt innblikk i Gasscos historie, og de milepæler som er passert på veien mot en knallsterk posisjon i det internasjonale gassmiljøet.

– Det har vært en fin reise. Jeg liker meg ikke på toppen, jeg trives mer i midten, sa Bjordal og understreket dermed den betydningen han legger i godt lagarbeid.

 

Her  talen som Fylkesmannen holdt til mottakeren av ST. Olavs-medaljen, Ridder 1.klasse .

H.M. Kongen har utnemnt administrerande direktør Brian Bjordal til Ridder 1.klasse av Den Kongelige Norske St.Olavs Orden for innsatsen hans for norsk olje- og gassverksemd.

I Årsmeldinga frå Slottet står det mellom anna at det i 2016 vart 10 nye Riddararar av St.Olavs orden. Ein av dei var frå Rogaland. Dette fortel noko om mange søknader, men høge krav for tildeling!

Brian David Bjordal er fødd 30.desember 1953. Han er sivilingeniør bygg frå Heriot-Watt University, Edinburgh.

Styret i Gassco, ved styreleiar Ottar Inge Rekdal, har fremja søknaden. Der går det fram at Brian Bjordal har vore sentral i utviklinga av norsk gassverksemd sidan 1984, først som leiar av fleire nøkkelområde for gass i Statoil og sidan som administrerande direktør i Gassco frå opprettinga av selskapet til han gjekk av med pensjon 1.november 2015.

OED, Oljedirektoratet, Petoro og Statoil har alle støtta opp om søknaden.

Det same har Fylkesmannen i Rogaland og ordføraren i Haugesund.

Bjordal vert omtalt som ein leiar med stor kunnskap og erfaring, han er omgjengeleg og tillitsskapande, han har ein open og imøtekomande personlegdom med store samarbeidsevner og omtanke for andre menneske.

Gassco er i dag ein profesjonell organisasjon med 350 tilsette i 5 land, kjenneteikna av godt omdømme, sikker drift, regularitet og leveransetryggleik. Brian Bjordal har som toppleiar balansert ulike interesser mellom brukarar og eigarar av transportsystem til beste for norsk gasseksport.

La meg også understreka den opne haldninga som er karakteristisk for Gassco. Eg har vore der i ulike ærend. De er gjestfrie anten det er dommarane i Høgsterrett, Stortingets kommunalkomite eller heilt andre som er på besøk.

Det er elles fint å vita at du framleis deler den unike kunnskapen du har med næringa, til dømes gjennom å takka ja som nestleiar i styret Petoro AS.   

 

Til slutt vil eg nemna at du som mottakar av Den Kongelige Norske St.Olavs Orden har høve til å søkja audiens hos H.M.Kongen for å takka for tildelinga.

Her ligg ved eit kort som fortel om korleis du kan ta kontakt med H.M.Kongens adjutant for å avtala tid.

Det er ei stor ære for meg, på vegner av H.M.Kongen, å overrekkja deg ordensinsigniene.

Brian David Bjordal, gratulerer!

 

Magnhild Meltveit Kleppa

 

Fra middagen: Fra venstre Erik Johnsen i OED, tidligere Kårstø-sjef Hege Flatheim, Brian Bjordal og kona Lillian.

brian 2