soral

Sør-Norge Aluminium har inngått kraftkontraktar for langsiktig, årleg tilførsel av strAum til aluminiumsverket i åtte framover. I praksis betyr det at hjørnesteinsverksemda på Husnes ikkje lenger er truga av nedlegging.

Skrevet .

– Me er glade for at Søral har vore i stand til å sikra straumforsyning som legg til rette for vidare drift ved aluminiumsverket. Me har jobba hardt for å oppnå dette, og er glade for at alle brinne fall på plass til slutt, seier administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit i ei pressemelding.

Det har lenge vore knytt stor spenning til om Søral ville få på plass gode og langsiktige kraftavtalar. I dag kan verksemda altså fortelja at dei samla kontraktene, saman med naudsynte avklaringar vedrørande implementering av CO2-kompensasjon, vil sikra grunnlaget for vidare kommersiell drift på Søral, skriv «Sunnhordland».

Dei nye avtalane vil likevel ikkje umiddelbart føra til at produksjonen aukar til full kapasitet igjen.

– Med fornya krafinndekning vil me fortsetja produksjonen med ei linje fram til eigarane og styret bestemmer noko anna. Kraftkontraktane gjev moglegheit for auka produksjon på eit seinare tidspunkt, dersom markessituasjonen betrar seg. I mellomtida vil me fortsetja arbeidet med å ytterlegare redusera kostnadsbasen og forbetra effektiviteten, seier Sævartveit.

Ved full produksjon på anlegget har Søral arbeid til om lag 340 personar. Med dagens produksjonsnivå er talet på 250 personar.