Ledigheten går opp- i Rogaland

29.07.2016
Ledigheten faller på landsbasis, men øker i Rogaland.
Arbeidsledigheten i Norge falt med 500 personar i juli, ifølge sesongjusterte tal fra Nav publisert fredag.

Ved utgangen av juli er 11 950 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Samanlikna med i fjor har arbeidsløysa i Rogaland auka         med 34 prosent og fylket har høgast arbeidsløyse i landet. Noreg har ei arbeidsløyse på 3,2 prosent.

Samanlikna med juli i fjor har arbeidsløysa auka med 23 prosent for kvinner og 41 prosent for menn. Arbeidsløysa er høgast         blant unge mellom 25 og 29 år. heiter det i meldinga frå NAV Rogaland.

– Det kan vere tøft å halde motivasjonen oppe som arbeidssøkjar over tid. NAV kontora har høg aktivitet også i sommar og NAV         Rogaland har retta ekstra innsats mot unge arbeidssøkjarar gjennom ein kampanje der me så langt har ringt opp om lag 1000         unge under 30 år. I samtalane får arbeidssøkjarane informasjon om jobbar, jobbsøkjartips, tilbod om informasjonsmøte, jobbklubbar         og eventuelt arbeidstrening, seier fungerande direktør NAV Rogaland, Janne Sigbjørnsen Eie. Yrkesgruppene med flest personar utan jobb er industriarbeid (1969 personar),  ingeniør- og  ikt-fag (1946 personar), bygg-         og anlegg (1793 personar), og kontorarbeid (1059 personar). Blant menn er det flest utan jobb innan yrkesgruppene ingeniør- og ikt, bygg- og anlegg og industri, medan det blant kvinner         er flest utan jobb i yrkesgruppene kontorarbeid og butikk- og salsarbeid.

Fleire bykommunar med over 5 prosent arbeidsløyse


– Arbeidsløysa er høg og det bekymrar meg at fleire større bykommunar i fylket no har ei arbeidsløyse på over 5 prosent, seier         Janne Sigbjørnsen Eie. Eigersund har høgast arbeidsløyse, med 5,9 prosent. Sandnes og Sola har 5,4 prosent, medan Stavanger og Haugesund har ei arbeidsløyse         på 5,1 prosent av arbeidsstyrka. Ser ein vekk i frå mindre kommunar der endringar gir store prosentvise utslag, er det Sola         kommune som har størst auke i arbeidsløysa samanlikna med juli i fjor. Variasjonane i arbeidsløysa blant kommunane i Rogaland er store, og kommunane med lågast arbeidsløyse er Suldal med 0,6 prosent         samt Sauda og Lund med 1,8 prosent.

830 stillingar i juli


Dette er ei auke på 31 prosent samanlikna med i fjor. 370 av dei utlyste stillingane var i Stavanger, medan det var 79 i Sandnes,         88 i Haugesund og 60 i Karmøy kommune. Fordelt på yrkesgrupper var det flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg         (204 stillingar), bygg- og anlegg (112 stillingar), serviceyrker og anna (93 stillingar) og innan undervisning (67 stillingar).
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund