ledighet

Ledigheten i fylket er på veg ned. Men fortsatt er Rogaland på versting-toppen

Skrevet .

 

– For andre månad på rad er det færre som er heilt utan arbeid i Rogaland enn det var i månaden før. – Dette er positivt og me er spent på om denne utviklinga vil halde fram i månadane som kjem, seier assisterande fylkesdirektør i NAV Rogaland, Anneline Teigen.

Bruttoarbeidsløyse

Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak gjennom NAV utgjer bruttoarbeidsløysa. 13799 personar (5,4 prosent) står enten heilt utan arbeid eller er i eit arbeidsretta tiltak gjennom NAV i Rogaland ved utgangen av mars 2016.

Positive tendensar i arbeidsmarknaden

– Tendensen dei siste to månadene er at utviklingskurva peikar svakt nedover. Det er litt færre nye som registrerer seg som arbeidssøkjarar og det er relativt mange utlyste stillingar i mars. Me ser at stadig fleire arbeidssøkjarar ser etter jobbmogelegheiter i andre fylker og det er fleire arbeidsgjevarar i andre deler av landet som tek kontakt med NAV for å finne kandidatar frå Rogaland. Korleis  utviklinga i arbeidsløysa vil vere framover er likevel svært usikkert, mellom anna er det fortsatt mange verksemder som melder om oppseiingar og permitteringar, forklarar Anneline Teigen.

 

Rogaland har fortsatt den høgaste prosentvise arbeidsløysa i Noreg og samanlikna med mars i fjor er det 58 prosent fleire som er heilt utan arbeid.

 

Regionale variasjonar

Det er fortsatt store variasjonar i arbeidsløysa mellom kommunane i Rogaland. Sandnes og Haugesund har høgast prosentdel heilt utan arbeid (5,7 prosent), medan det i Suldal berre er 1,0 prosent av arbeidsstyrka som er heilt utan arbeid. Ser me på regionane er det Stavanger- og jær-regionen som har høgast prosentdel arbeidslause; 4,9 prosent. I Dalane, Haugalandet og i Ryfylke er det høvesvis 4,6, 4,5 og 3,4 prosent av arbeidsstyrka som er heilt utan arbeid i mars.

 

1293 stillingar lyst ut i Rogaland i mars

Det vert fortsatt lyst ut mange stillingar i Rogaland. I mars blei 1293 stillingar lyst ut, ein auke på 15 prosent samanlikna med same månad i 2015. Flest ledige stillingar er det innan helse, pleie og omsorg (444 ledige stillingar), undervisning (139 ledige stillingar), og serviceyrker og anna arbeid (100 ledige stillingar). Innan ingeniør- og Ikt-fag var det 49 utlyste stillingar i mars. Dette er ein reduksjon på 12 prosent  samanlikna med same periode i fjor. Samstundes er det ein stor auke i talet med utlyste stillingar for akademiske yrker og for butikk- og salsarbeid.