jan_erik_og_ernst_med_lovboka

HSH og Eurojuris dreg frå nyttår i gong ei ny vidareutdanning i sakshandsaming mynta på leiarar i skule og barnehage.

Skrevet .

– Leiarar må kunna handverket godt. Difor skipar me no ei ny vidareutdanning, seier advokatfullmektig Jan Henrik Høines i Eurojuris til hsh.no

Den nye vidareutdanninga er praktisk retta.

– Me kjem til å leggja mykje vekt på å ha tid til å diskutera fleire eksempel, drive rettleiing og kopla oss mot kvardagen til dei som er med, seier Høines.

Av praktiske område kan nemnast: Skriving av enkeltvedtak, habilitet, teiingsplikt, samarbeid med barnevern, oversikt over barnehagane og skulane sine særlege reglar.

– Dei som går i gong på denne utdanninga veit me er travle folk. Her får dei godt og relevant påfyll, og dei får opparbeidd seg eit fellesskap.

– Det å bli god på lovverket, vil og gjere at dei sparar tid. Den tida kan dei bruka til andre viktige ting, seier Jan Henrik Høines.

Den nye vidareutdanninga på HSH tel 10 studiepoeng og er samlingsbasert.

– Me tek sikte på oppstart før nyttår med ei samling. Resten av vidareutdanninga vil bli gjennomført før påske i 2014, opplyser Ernst Wilhelmsen som leiar etter- og vidareutdanningsarbeidet i HSH.