Eramet-Sauda

Storkonsernet Eramet sliter tungt, men mangandivisjonen med smelteverket i Sauda, leverte eit positivt driftsresultat i 2013. (Foto: Inosa)

Eramet-konsernet slit tungt, men Eramet Norway, der bedrifta i Sauda er ein viktig part, held hovudet over vatnet.

Skrevet .

– Sjølve konsernet er inne i ein svært krevande situasjon med negativt årsresultat i milliardklassen. Driftsresultatet gav eit tap på nærare 2,5 milliardar kroner. Mangandivisjonen, som smelteverket i Sauda er ein del av, leverte derimot eit positivt driftsresultat, seier Kåre Bjarte Bjelland, verksdirektør ved Eramet Norway Sauda til lokalavisa Ryfylke.

Verksdirektøren fortel at driftsresultatet for Eramet Norway, som inkluderer verka i Sauda, Porsgrunn og Kvinesdal, landa på 166 millionar i pluss i 2013, medan omsettinga var på 4,1 milliardar kroner. Samanlikna med fjoråret er driftsresultatet nær halvert, då viste rekneskapstala 311 millionar kroner i pluss medan omsettinga var på 4,3 milliardar kroner. Trass i nedgangen er Kåre Bjarte Bjelland optimistisk med tanke på framtida til smelteverket i Sauda.

– Resultata var som forventa. Som eit pluss kan eg nemna at med heldt budsjetta våre og at resultatet såleis var i tråd med planane våre, opplyser direktøren.

Ifølge Bjelland har Eramet Norway gjennom oppgraderingar og kostnadsforbetrande tiltak auka effektiviteten og er såleis godt rusta for framtida. Men sjølv om effektiviteten er høg er smelteverksindustrien knytta opp mot verdsmarknaden og primærmarknaden for Eramet sine varer, Nord-Amerika og Europa.

– Prisane både på innkjøp av råvarer og prisen me får for den ferdige vara har hatt ei negativt effekt det siste året på 287 millionar kroner og forklarer mykje av nedgangen i driftsresultata, seier han.