helsevesen

- Det er ikkje berre sjukepleiarar og legar som jobbar i sjukehusa. Det er eit hav av andre yrkesgrupper, og mange vil få langt større plass i framtidas sjukehus, seier personaldirektøren i Helse Vest.

Skrevet .

Det seier personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest, Hilde Christiansen. Ho har ansvaret for at det blir lagt til rette for rekruttering til spesialisthelsetenesta, men òg at rekrutteringa blir spissa slik at ein får dei yrkesgruppene det er mest behov for.

Det skjer ei endring no i måten arbeidet på sjukehusa er organisert. Utviklinga peiker mot at sjukepleiarar kjem til å gjere fleir oppgåver som legane før gjorde, og likeins vil helsefagarbeidarar gjere oppgåver som sjukepleiarane har gjort tidlegare.

Dette er eit viktig verkemiddel for å få kabalen til å gå opp på sjukehusa, men det er ikkje dermed sagt ei dårlegare løysing, seier Christiansen.

Om utviklinga og befolkningsveksten held fram som før, vil kvar tredje ungdomsskuleelev måtte jobbe i helsesektoren i 2035.

Med den konkurransen vi har her på Vestlandet frå andre bransjar, veit vi at det ikkje er realistisk.

Helse Vest står ovanfor store utfordringar innanfor rekruttering dei kommande åra. Analysar av alderssamansetninga i helseføretaka viser at så mykje som ein tredjedel av alle medarbeidarar er over 50 år.

Samtidig blir utdanningsløpet for legar i spesialisering stadig lengre.

Les meir her:

http://www.helse-vest.no/aktuelt/nyheter/Sider/rett-kompetanse-pa-rett-plass-til-rett-tid.aspx