Menn blir stadig eldre

21.02.2013
En gutt født i 2012 kan regne med å leve til han er 79,4 år, fire år mindre enn ei jente. Men mennene haler innpå, viser statistikk fra SSB.
Ved årsskiftet var det 5 051 300 busette i Noreg, 65 400 fleire enn ved førre årsskifte. Veksten var berre 160 mindre enn i rekordåret 2011. Innvandringsoverskotet stod i 2012 for 72 prosent av veksten.

Folkeveksten var 1,3 prosent i 2012, og sett bort frå 2011 må ein heilt attende til 1920 for å finna ein større vekst i prosent. Noreg ligg heilt i toppen i Europa når det gjeld prosentvis vekst i folketalet. På dei seks åra 2007-2012 voks folketalet med 370 100, meir enn dobbelt så mykje som i dei seks åra før det. Auken i 2012 på 65 400 fleire personar tilsvarer heile folketalet i Drammen.

Nettoinnvandringa frå utlandet var på 47 300 i 2012 og har aldri vore høgare. Auken frå 2011 til 2012 var på 300. Nettoinnvandringa dei siste seks åra er samla på 258 400, ikkje mykje unna tre gonger talet for den førre seksårsperioden.

Det vart registrert 78 600 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2012, noko som var 900 mindre enn året før. 31 200 flytta frå landet, 1 200 færre personar enn førre året. Innvandringsoverskotet stod i 2012 for 72 prosent av veksten i folkemengda, mot 71 prosent året før. Dei som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje medrekna i desse tala.

I 2012 vart det fødd 60 250 born i Noreg, om lag det same talet som førre året. På same tid døydde 42 000 personar, 600 fleire enn i 2011. Sett under eitt vart difor fødselsoverskotet 600 lågare i 2012 enn i 2011, men det er på same høge nivået som dei siste åra, og dei høgaste tala sidan midten av 1970-talet.

Det var fødselsoverskot i alle fylka, bortsett frå Hedmark, Oppland og Telemark. Som dei førre åra er fødselsoverskotet størst i Oslo med 5 800 og Akershus med 2 400. I høve til folketalet er fødselsoverskotet klårt størst i Oslo og Rogaland
Samla fertilitetstal for 2012 var 1,85 barn, i 2011 var talet 1,88 og i 2010 var talet 1,95. Sjølv om det har vore en nedgang dei siste åra, er Noreg framleis mellom landa i Europa med høgast fruktbarheit.

Ein gut som vart fødd i 2012 kan rekna med å leve i 79,4 år, medan ei jente kan venta seg 83,4 år . Det er ein auke i forventa levealder på mest eit halvt år for menn, medan talet for kvinner er om lag det same som førre året.

Les meir her:

http://www.ssb.no/folkendrkv/
http://www.ssb.no/folkendrkv/

Nettoinnvandringa av utanlandske statsborgarar voks frå 47 900 i 2011 til 48 700 i 2012. Av dette var 30 900, eller 63 prosent, nettoinnvandring av europeiske statsborgarar. I 2011 var talet høgare, 34 700. Nettoinnvandringa av ikkje-europeiske statsborgarar voks dermed frå 13 200 i 2011 til 17 800 i fjor, ein auke på 35 prosent.

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund