DCIM100MEDIADJI_0015.JPG

Landbruks- og matministeren køyrer i gang verdas kjappaste kjøttdeig-pakkemaskin når "nye" Fatland opnar i dag.

Skrevet .

Laurdag blir det open dag på det nye produksjonsanlegget i Ølen, skriv Medvind24.no

Fatland har investert rundt 250 millionar kroner i nytt og utvida anlegg i Ølen. Fredag skal landbruksminister Jon Georg Dale stå for «snorklyppinga»; Han får trykkja på knappen som set i gang verdas raskaste kjøttdeig-pakkemaskin.

Maskinen pakkar 160 pakkar kjøttdeig i minuttet og er ein av nyinvesteringane hjå Fatland Ølen. Til saman er det investert 150 millionar kroner i utstyr i det nye anlegget. Sjølve bygget har ein prislapp på 100 millionar. Anlegget i Ølen er bygd ut med 12 000 kvadratmeter over tre plan, ei utbygging som vil dobla produksjon av pakka varer.

 

Fatland markerer opninga av det nye produksjonsanlegget med open dag på laurdag, og inviterer produsentar, leverandørar, kundar og naboar på omvisning og grillmat.

Les meir her:

http://medvind24.no/nyheter/landbruksministeren-skal-pakka-kjottdeig-i-olen