vindpark_tyskland

200 meter høge monstermøller ute i den røffe Nordsjøen skal erstatta tysk atomkraft og kolkraft. Aibel i Haugesund er blant dei som skal bidra til den tyske energirevolusjonen.

Skrevet .

Havdønningane er lange, runde og regelmessige. Vinden bles slik at ferdig installerte vindturbinar sviv rundt og lagar elkraft. Me er om bord i ein diger hurtiggåande katamaran saman med 400 tyske vindmølleentusiastar. Det er 90 kilometer inn til fastlandet og til hamnebyen Cuxhaven, skriv journalist ThomasFørde i Stavanger Aftenblad

Her ute i Nordsjøen er det tyske energi- og entreprenørselskapet Bard i ferd med å bygga ein vindpark med 80 enorme vindmøller.

Monstermøller og «Energiewende»

Sjølv om skipet av tryggingsmessige grunnar ikkje kan gå nærare havvindmøllene enn 500 meter, ser dimensjonane overveldande ut. Møllene stig opp frå havet som ufattelege, nærmast skremmande monstre. Kjensla av å stå ved inngangen til ei monsterverd blir forsterka av at dei enorme havmøllene står på rekkje og rad så langt auga kan sjå.

Men monstermøllene er langt frå avskrekkande for vindmøllentusiastar og atomkraftmotstandarar. Tvert om er havmøller sjølve redninga for den tyske energirevolusjonen, som dei kallar «Die Energiewende». Forbundsdagen i Berlin har vedteke at alle atomkraftverk i landet skal stengjast innan 2022. Dette målet ligg fast slik at knapt nokon innan politikk eller i energibransjen i Tyskland trur at dette fundamentale nei-et til atomkraft vil bli omgjort.

Les heile reportasjen her:
http://www.aftenbladet.no/energi/Tyskernes-gronne-monstermoller-3235457.html