advantec

Den sterkt  veksande Stord-bedrifta Advantec blei tildelt Næringsprisen 2012 under årstreffet til Stord Næringsråd denne helga.

Skrevet .

Næringsprisen blir delt ut i samarbeid med Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar.

Juryens grunngjeving:

«Advantec har gått frå å vera ei verksemd med få tilsette som var avhengig av ei hjørnesteinsverksemd, til sjølv å bli ei stor verksemd med kundar i ein internasjonal marknad.

Advantec har utvikla eigne produkt, og har bygd eigne produksjons- og kontorfasilitetar med hovudkontor på Stord.

Alt dette i løpet av få år.

Me ser på Advantec som ein betydelig aktør for utviklinga i sin bransje, og som ein stor bidragsytar til nye, spanande arbeidsplassar.»

Her er nominasjonsfilmen:

https://vimeo.com/52097900