Nullutslipp i 2020

13.05.2014
Eramet Norway skal ha nullutslipp i 2020. Sømløs deling av informasjon mellom Sauda og Sintef i Trondheim er en av løsningene
Målet er null utslepp av helse- og miljøfarlege stoff i 2020. Eit ambisiøst mål, sjølvsagt, men mogleg, konstaterer Peter Cowx, prosessleiar i Eramet Norway AS med oppgåve å forska på korleis Eramet – og norsk ferrolegringsindustri elles – skal nå dette målet, skriv lokalavisa Ryfylke.

Det same arbeider Bernd Wittgens, forskar ved Sintef i Trondheim, med.

Onsdag og torsdag i førre veke var dei to mellom dei 30 deltakarane på ein konferanse Eramet Norway Sauda stod som vertskap for og der hjernekrafta vart nytta på tema knytta til støvutslepp.

Som forskar set Wittgens stor pris på å samarbeida med bedrifter som ikkje tenker konkurranse i spørsmål som handlar om miljøet, men søker saman om ei felles interesse i stadig å finna nye og betre reinsemetodar. Saumlaus deling av informasjon skaper ein plusseffekt i så måte.

– Me har kome eit stykke på veg, og byrjar å sjå effektane. Og me ønsker å koma endå vidare i arbeidet, seier han om målet om null utslepp i 2020, eit mål han meiner det er realistisk å nå.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund