kårstø-anlegget

Statoil har fått samtykke til oppføring av ein ny brakkerigg ved prosessanlegget på Kårstø

Skrevet .

Kårstø ligg i Tysvær i Rogaland og er eit prosessanlegg for gass og kondensat. Anlegget tar imot gass gjennom røyrleidningar frå Nordsjøen og Norskehavet. Etter at våtgassprodukta er skilde ut, blir tørrgassen sendt gjennom røyrleidningar til Tyskland, medan våtgassprodukta blir frakta frå anlegget med skip. Gassco er operatør for anlegget med Statoil som teknisk tenesteyter (TSP), heter det i en pressemelding fra Petroleumstilsynet.

Statoil har fått samtykke til å sette opp ein brakkerigg i ein etasje. Den skal innehalde garderobe, WC, datarom, spiserom, møterom og kontormoduler. Riggen skal erstatte ein eldre kontormodul frå 90-tallet.

Samtykket er gitt med heimel i arbeidsmiljølova §18-9 (1).

Arbeidet vil bli utført av Eide Bygg & Anlegg AS i Haugesund.