rosendal_turisthotel

Haugalands-ekteparet Turid og Ove Hillesland får lokal investorhjelp til  en storstilt oppussing av Rosendal Turisthotell

Skrevet .

– Vi har i fleire år leita etter investorar som kan bidra til ein vidare opprusting av hotellet. No er dei på plass, og vi startar med byggjesteg ein som skal stå ferdig på vårparten neste år, seier Ove Hillesland.
Saman med kona Turid, overtok han hotellet i desember 2007. Frå å vera eit hotell som har satsa på sommardrift, vert det no full drift heile året.

Med nye investorar i ryggen startar Rosendal Turistholl arbeidet med ei stor opprusting av det 126 år gamle hotellet ved Skålakaien i Rosendal, skriv hotellet i ei pressemelding.

Investorane som hotellverksemda har fått med på laget, er ein av verdens største livbåtprodusentar NORSAFE AS m/Geir Skaala og sonen Aleksander. Dei har oppretta investeringsselskapet Hotellmannen AS, oppkalla etter han som i si tid bygde hotellet, og som berre gjekk under namnet hotellmannen.

– Vi er veldig imponerte over det Turid og Ove har fått til dei åra dei har vore her. Det står det respekt av. Både Aleksander og eg er bygdefolk, og er interesserte i å skapa aktivitet og gode arbeidsplassar i Rosendal. Vi ønskjer å vera med å løfta kvaliteten på hotellet og auka kapasiteten, seier Geir Skaala.
– Kan du seia noko om kor mykje pengar de er villige til å investera her?
– Vil vi noko, så er vi med for fullt, er det kryptiske svaret frå Skaala.

Første byggjesteg
Ove Hillesland har engasjert arkitekt og er i ferd med å få på plass planane for byggjesteg ein. Det omfattar bygging av åtte nye rom på loftet.
– Det vert rom med alle fasilitetar som bad og toalett.
I byggjesteg to skal det byggjast eit tilbygg til hotellet som skal innehalde fleire gjesterom.
Men sjølv om hotellet skal gjennom ei omfattande restaurering, skal sjølve sjela bli igjen. Det gamle og spesielle trevirke i taket på loftet der dei åtte nye roma kjem, skal takast vare på.
– Dette vert moro og veldig spennande. Dette er Ove og Turid sine planar, planar som vi har veldig stor tru på. Vi bidreg berre med kapital, seier Geir Skaala.

Gjester
Norsafe er i ferd med å realisera planane om eit nytt treningssenter på Årsnes. Målet er å ta i mot dei første kursdeltakarane hausten 2014. Den praktiske delen vil skje på Årsnes og ute på sjøen. Kursdeltakarane treng hotellplass, og desse er tenkt innlosjerte på Rosendal Turisthotell. Dermed er hotellet sikra overnattingsgjester heile året.
– Vi er meir enn takknemlege for at vi har fått Geir og Aleksander Skaala med på laget. Dei er bygdefolk og veit kva vi snakkar om når det gjeld potensiale for dette hotellet, seier Ove Hillesland.

Han er i ferd med å leggja bak seg ein sesong med ei rekordomsetning.
– Vi har aldri hatt ei større omsetning enn det vi har hatt i år. Fleire og fleire bedrifter i frå heile landet er byrja og bruka oss utan om sesongen for kurs og seminar m.m., i sesongen juni, juli og august er det heilt fullt med turistar. Vi ser eit stor potensiale for å utvikla konseptet, det får vi sjansen til no, seier Hillesland.
Etter å hatt fast bustad i Haugesund, flyttar han og kona med tida til Rosendal.
I tillegg til auka romkapasitet, så vil det bli gjort andre endringar. Blant desse er ei endring av drifta i publokala i kjellaren.
– No gjenstår det berre eit par rundar med kommunen som eg alt har vore i samtalar med, så set vi i gang, seier ein entusiastisk hotellvert.