Ny storkontrakt til Wârtsilâ

17.02.2014
Siem Offshore har tinga fire nye forsyningsskip, der Wärtsilä skal levera design og utstyr. Mykje av arbeidet skal gjerast i Sunnhordland
I tillegg til designarbeidet som blir gjort på Fitjar, skal ein god del arbeidet gjerast i Grunnavågen på Stord, skriv lokalavisa Sunnhordland.

Wärtsilä skreiv i 2012 kontrakt med Siem Offshore om to slike skip, og den nye avtalen inneber at dei skal samarbeida om fire nye skip. Eitt av skipa skal byggjast ved Hellesøy Verft i Kvinnherad, medan dei tre andre skal byggjast ved Remontowa Shipbuilding i Polen.

Fartøya skal leverast frå tredje kvartal 2015 til andre kvartal i 2016, og skal nyttast i bore- og produksjonsaktivitetar i Nordsjøen. Kvart skip skal bli 89,2 meter langt, og får eit mannskap på 25 personar.

– Sjølv om VS 4411 LNG PSV er i nær slekt med mange av våre andre PSV-design, har me gjort fleire utbetringar under vasslinja, og me har eit håp om at nettopp dette designen vil kunna visa til svært gode resultat når det gjeld reduksjon i drivstoff.

Ved liknande prosjekt har me sett opp til 15 prosent lågare forbruk av drivstoff, og tar ein omsyn til at skipa også kan drivast av LNG, har dette prosjektet ein svært miljøvennleg profil, seier Ove Wilhelmsen ved Wärtsilä sitt designkontor på Fitjar.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund