cruiseskip-ny_707590i_0

Ein delegasjon cruiseagentar frå engelske og amerikanske selskap vitja denne veka Vindafjord og Etne i håp om å finna utflukter for cruiseturistar som legg til hamn i Haugesund.

Skrevet .

Målet var å leita opp unike dagstur opplevingar for cruiseturistar.

I Ølen vart det tid til eit kort besøk hjå rosemalar Unni Marie Lien før ferda gjekk vidare til Åkrafjorden med Langfoss, Eljarvik og Fjordcriuse som utvalte stopp. Målet var å leita opp unike dagstur opplevingar for cruiseturistar.

— Me er her på tur for å sjå. Familievenlege destinasjonar som gjerne har ei historie å fortelja står på ynskjelista, seier Russel Daya frå Disney Cruises til grannar.no

I 2013 la sju cruiseskip til kai i Haugesund. Neste år står ti skip på lista.

— Me håpar på enda fleire. I 2015 får me kanskje inn nye reiarlag, seier regional reiselivssjef Vigleik Dueland.

Cruiseselskapa ser etter utfluktsprogram som kan passa til heil- eller halvdags utflukter.

— Ølen er ei perle i seg sjølv og her hos Unni får me sjå ekte norsk handverk, seier Dueland og legg til at avstanden frå Haugesund er passe stor for ein stopp.

Åkrafjorden med fjordcruise og fossefall er også aktuelle stoppestader for dagsutflukter, meiner han.

Les heile saka her: http://grannar.no/2013/09/snusar-pa-cruiseutflukter/