Optimistisk skipsreder

24.08.2015
- Eg har arbeidd med dette i 40 år. Det har vore nedturar før, men det vil snu, seier Johannes Østensjø.
Vi vel å vere optimistar, seier reiaren i Haugesund-selskapet Østensjø Rederi til NETT NO under sjøsettinga av deira nye fartøy Edda Freya.

Selskapet har 35 offshoreskip og har hittil ikkje lagd eit einaste av sine skip i opplag.

- Det har ikkje vore aktuelt. Alle har vore i arbeid.

Se også: Maritime.no – Opplagsregisteret

Vurderer opplag


Dette kan endre seg i løpet av hausten, då den første av selskapet sine fire PSV-ar står utan arbeid.

- Då kan opplag vere aktuelt.

Han synst også at det av og til kan vere greitt med ein nedtur.

- Kostnadsnivået har vorte altfor høgt. Om vi klarer å gjere noko med det no, vil det vere positivt på sikt.

Trur på store skip


Han har spesielt god tru på at det vil verte auka behov for større og avanserte skip, slike som Edda Freya, som vart sjøsett frå Kleven Verft laurdag.

- Det er ein tendens til at ein går djupare og djupare. Då vert det også bruk for denne typen skip.

Les også: Kleven-skip får æren for bedret Eidesvik-tall

1,4 milliardar kroner


Konstruksjonsskipet Edda Freya er med sine 150 meter det lengste offshoreskipet Kleven har bygt. Skipet er 27  meter breidt, har elleve dekk og skal utstyrast med ei 400 tonns offshorekran.

Skipet kostar 1,4 milliardar kroner og skal mellom anna drive med kabellegging på havbotnen.

- Det er slike skip vi trur på, seier Østensjø.

Les meir her:

http://www.maritime.no/marked/ostensjo-vi-er-optimistar/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund