Harding

Styrke Brekkenes (t.h.) saman med toppsjef Herbert Ortner i CEO Palfinger

Det seier Styrk Bekkenes, administrerande direktør i Harding, etter at Kvinnherad-selskapet er seld til østerrikske Palfinger.

Skrevet .

Harding er ein av dei leiande leverandørane av livreddande utstyr og livssyklustenester for maritime installasjonar og skip. Gjennom oppkjøpet vil PALFINGER utvida si marine verksemd med nye produkt og eit internasjonalt servicenettverk. Den endelege gjennomføringa av PALFINGER sitt oppkjøp av Harding krev godkjenning frå styresmaktene. Begge partar er samde om ikkje å offentleggjera kjøpesummen, heiter det i ei pressemelding.

Styrk Bekkenes, administrerande direktør i Harding, er svært begeistra for oppkjøpet.

– PALFINGER er ein perfekt match for Harding. Det samla tilbodet vårt av produkt og tenester vil vere unikt i dagens maritime industri. Vi vil stå sterkare saman og ser store fordelar både for utstyrs- og servicedelen av verksemda vår. For kundane våre vil dette vere ein stor fordel, då vi i framtida vil kunne tilby tenester for meir enn éin type utstyr i løpet av eitt og same serviceoppdrag, utdjupar Bekkenes.

Oppkjøpet er det største i historia til PALFINGER Group. PALFINGER si marine verksemd vil nesten doble sitt forretningsvolum, og vil med meir enn 300 millionar euro i omsetning bidra med godt over 20 prosent av konsernet sine inntekter i framtida. Betydninga til servicesegmentet vil auke kraftig, og bidra til å redusere avhengigheita som PALFINGER si marine verksemd har til oljeprisen og investeringsviljen i oljeindustrien. Med Harding vil PALFINGER kome eit stort steg nærare sitt strategiske mål om å bli ein integrert leverandør av maritimt dekksutstyr med globale servicelokasjonar.