kvarnerstord_fb_615_2

Kværner ASA, som mellom anna eig Kværner Stord AS, har no ein total ordrereserve på over 21 milliarder kroner.

Skrevet .

Kværner ASA hadde ein liten nedgang i omsetnaden i fjerde kvartal 2012, samanlikna med same periode året før. Førebels tal for 2012 syner også at selskapet hadde ein nedgang i omsetnaden frå 13,2 milliardar i 2011, til 10,7 milliardar i 2012, skriv Sunnhordland.

Det kom fram då selskapet la fram resultat for fjerde kvartal 2012 og førebels årsresultat 2012 onsdag morgon.

Men, konsernsjef Jan Arve Haugan, ser likevel svært lyst på framtida. Det skuldast at selskapet har ein rekordhøg ordrereserve. Totalt er ordrereserven for Kværner på 21, 2 milliardar kroner.

– Det gjev oss eit sterkt fundament til å optimalisera gjennomføringa av prosjekt og styrkja vår konkurransekraft, seier Haugan i ei pressemelding. Dei siste vekene har Kværner og Kværner Stord AS mista mange kontraktar til lågkostland i Asia.

Les heile saka her: http://www.sunnhordland.no/article/20130213/NYHENDE/130219934