facebook-logo

Eitt av to norske føretak bruker sosiale medium. Men få har ein klar strategi.

Skrevet .

Sosiale medium, som Facebook, LinkedIn, Twitter, Flickr og ulike wikiar, er tekne i bruk av halvdelen av føretaka med minst ti sysselsette. Tre av ti føretak bruker dette til marknadsføring av produkt eller utvikling av bilete av føretaket.

Mellom føretaka med minst 100 sysselsette er denne delen 60 prosent. Når det gjeld føretaka i informasjons- og kommunikasjons-, finansierings- samt overnattings- og serverings¬næringane, bruker over 70 prosent slike nettverk.

Nettsider for deling av multimedieinnhald, som YouTube, Flickr, Picasa og SlideShare, er tekne i bruk av 12 prosent av føretaka. 9 prosent av føretaka bruker bloggar eller mikrobloggar, som Twitter eller Present.ly, og 5 prosent bruker wikiar for å dele kunnskap. For alle former for sosiale medium finn vi at større føretak bruker slike meir enn mindre føretak, og delen er størst blant føretak i informasjons- og kommunikasjonsnæringa.

Medan sosiale medium vert brukte av 31 prosent av føretaka til marknadsføring av produkt og til å skape eit positivt bilete av føretaket, er talet 24 prosent til føremålet rekruttering av tilsette. 22 prosent nyttar slike tenester til å innhente eller svare på synspunkt eller spørsmål frå kundane. Utveksling av synspunkt eller kunnskap innanfor sjølve føretaket er eit mål med bruk av sosiale medium for 18 prosent av føretaka. Samarbeid med kundane om utvikling av varer og tenester vert nemnt av 13 prosent, medan 12 prosent samarbeidar med leverandørar eller andre partnarar gjennom bruk av sosiale medium.

På spørsmål om føretaket har ein formell politikk når det gjeld mål, reglar eller prosedyrar for bruken av sosiale medium, svarer berre 18 prosent at dei har dette. Det kan tyde på at dei fleste føretaka som
bruker sosiale medium, overlét utviklinga på dette området til dei tilsette, utan overordna retningsliner.

Les meir her: http://ssb.no/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn