Slik vil dei ha E134 i Etne

08.11.2012
Etne Næringsutvikling har fått synleggjort korleis vegtrasé for E134 i lia utanom Etne sentrum med avkøyrsel til sentrum, vil sjå ut i terrenget.
- Me føler ikkje dette har vore eit reelt alternativ i den politiske prosessen, ikkje i diskusjonen blant lokale politikarar, og heller ikkje i det vegvesenet har presentert, seier Asbjørn Moe, leiar i Etne Næringsutvikling til Grannar.

Traséalternativet han viser til som blir kalla 2b og som næringsutviklinga no har fått utarbeidd ei visualisering av, skjer inn ved Moesvingen aust for Etne sentrum, går i lia bak sentrum og kjem ut ved Madsgård vest for sentrum. Vegen går gjennom ein liten tunnel under Enerhaug for å koma lågt nok i lia til å ha ein avkøyrsel i nærleiken av Enerhaug, og denne kjem ned til sentrum der det gamle ungdomshuset Ljoshall låg.

Asbjørn Moe meiner alternativet tidlegare har vore litt halvvegs og at det berre var slengt på ein avkøyrsel til sentrum slik det vart presentert då arbeidet med kommunedelplanen og seinare temaplanen, pågjekk.

— Me ville få det visualisert, slik at det er mogleg å sjå korleis det vil sjå ut i terrenget, seier han.

Moe viser til at vegen betyr mykje for næringslivet der han ligg i dag, og at å flytta han vil gi ein direkte negativ effekt, då gjennomgangstrafikken er viktig for handelsstanden.

— Den negative effekten blir større jo lenger vekk vegen blir lagt. Me ønskjer å gjera den negative effekten minst mogleg, og har sett på kva traséval som då vil vera aktuelt.

Han fortel at 25-30 prosent av omsetninga for handelsstanden i Etne kjem frå gjennomgangstrafikken, og at dei truleg vil mista mesteparten av dette om vegen blir lagt i tunnel lenger unna, slik vegvesenet har vore mest innstilt på.

Les mer og se video her: http://grannar.no/2012/11/viser-ny-veg-til-sentrum/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund