asbjørn birkeland

(Foto: Jan Gravdal)

Når Sauda-ordføreren føler seg nedstemt, søker han trøst på nettsida "Framsnakking Sauda". Da blir han i godt humør.

Skrevet .

Sauda-ordfører Asbjørn Birkeland roste folka bak denne facebooksida da han talte til «folket» i Sauda kirke 1. nyttårsdag. I nyttårstalen kalte han den «eit fantastisk tiltak der ein kan gå inn og skriva nokre oppløftande ord om nokon du syns fortener det.

– Eg merkar at eg bruker sida når eg er litt nedstemt, då går eg inn og les alle dei gode tinga folk skriv om andre, og så blir eg i godt humør. Det anbefalast. Er du ikkje medlem av gruppa, må du søka ho opp og bli medlem. Eg bruker derfor denne anledninga til å framsnakka den nye redaktøren i Ryfylke, Edd Meby, som tok initiativ til denne gruppa. Godt tiltak!» sa ordføreren.

Han beskrev 2016 som et innholdsrikt år for Sauda-samfunnet:

– Heile Vestlandet er inne i tøffe tider, der oljebransjen går tregt. Dette fekk også me i Sauda merka når BartecTechnor la ned produksjonen i Sauda. I tillegg brann Øyra bakeri og mot slutten av året fekk me 2 triste beskjedar: UDI vedtar å legge ned drifta av asylmottaket og Sauda Fjordhotell går konkurs. I tillegg til desse som blir direkte råka, er det eit stort omløp av lokalt teneste- og varekjøp knytt til desse verksemdene som fell bort. I sum er bortfallet av så mange arbeidsplassar ein veldig dramatisk situasjon for eit samfunn av Sauda sin storleik.

For Sauda kommune slår dette ut på skatteinngangen.Dette gjer at Sauda kommune også i 2017 må redusere tenestenivået. I alle tenesteområda. Rådmannen la fram eit forslag til budsjett med store kutt over heile linja. Formannskapsbehandlinga viste at det er brei politisk einigheit om at drifta til kommunen må reduserast. Alle var einige om at kutt og beskjedne investeringar må til for å få ei berekraftig drift i kommunen som gir handlingsrom i framtida, sa Sauda-ordføreren, som går inn i 2017 med fokus på omstilling:

– Kommunen skal omstillast, rådmannen skal legga fram ei organisasjonsendring i mars. Rådmann Wictor Juul har sagt opp stillinga si, og arbeidet med å få på plass ein så viktig stilling for kommunen er allereie i gong, og vil ha stort fokus dei neste månadane.

Og me skal ha fullt trøkk på å driva næringsutvikling og skapa nye arbeidsplasser. Me skal jobba vidare med «Ka ittepå» prosjektet, eit prosjekt som skal styrka næringsutviklingsarbeidet i kommunen. Eit anna spennande prosjekt eg gleder meg til å følga i 2017 er arbeidet med å prøva å etablera ny kraftkrevjande industri i regionen.

Sauda kommune jobbar, igjennom Ryfylke IKS, og i samarbeid med Haugaland Vekst, Greater Stavanger og Rogaland fylkeskommune med å få på plass ein ny utanlandsforbindelse for datatraffikk mellom Rogaland og England. Dette vil kunna utløysa ei ny næring innan databehandling og lagring. Dette er svært kraftkrevjande og Sauda har mange fortrinn for å få ei slik næring til kommunen.

Vidare skal me arbeida for å vidareutvikla reiselivs- og hytte-næringa i kommunen. Så det er mykje spennande på gang, fortalte Asbjørn Birkeland i nyttårstalen sin .