flytebru_bjornefjorden

Samarbeidsrådet i Sunnhordland gjør som de store bedriftene i regionen; samler seg om midtre alternativ og flytebro over Bjørnefjorden.

Skrevet .

– Ein milepæl er nådd, seier Liv Kari Eskeland, Stord-ordførar og styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Saka stod på sakskartet då Samarbeidsrådet var samla på Fitjar fredag. Sju av dei åtte kommunane stemte for vedtaket.

– Kvinnherad har tidlegare gjort eit vedtak om indre trasé. Dette batt dei frå å stemma for midtre trasé. Ellers var alle einige om at det var dette med no skal jobba vidare med i tråd med KS1 som er kvalitetsikringa av konsekvensutredninga, seier Eskeland.

Tysnes-ordførar Kjetil Hestad var svært nøgd.

– Dette er ein stor dag, seier Hestad til bladet Tysnes.
– Det er utruleg viktig det som har skjedd i dag. No startar jobben med å få E39 frå Aksdal til Bergen inn i nasjonal transportplan, seier Hestad til lokalavisa.

– No er det viktig å vera proaktiv inn mot nasjonal transportplan, og vedtaket som skal gjerast i Stortinget våren 2013 slik at me sikrar ressursar til det samferdselsprosjektet som kan visa seg å bli eit av dei viktigaste i vår generasjon for eit samla og sterkt Vestland, seier Liv Kari Eskeland til lokalavisa Sunnhordland.