stord

Stord Lufthamn opplever stor auke av reisande. Foto: Stord Lufthamn.

Den positive trafikkutviklinga på Stord lufthamn held fram. I september vart det registrert nærare dobbelt så mange reisande som same månad i fjor.

Skrevet .

3.418 reisande i september mot 1.780 samme månad i fjor utgjer ein auke på 1.638 reisande eller 92 proset. Dersom ein samanliknar med august månad i år er passasjerauken på 31,1%, melder lufthamna på sine egne nettsider.

Per september i år har det reist 21.262 personar over lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 6.936 reisande eller 48,4%.

Per september i år har lufttrafikktenesta registrert 6.936 flyrørsler på lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 929 flyrørsler eller 19,2%.

Som ein konsekvens av den positive trafikkutviklinga aukar DAT opp med 2 rundturar pr. veke på Osloruta frå og med vinterprogrammet som startar opp i slutten av denne månaden.