HSH-bygg

HSH er ein av dei statlege høgskulane som har størst vekst samanlikna med fjoråret.

Skrevet .

Tala frå Samordna opptak viser at 1161 personar har HSH som sitt førsteval i år. Det er ein auke på 15 prosent frå fjoråret, skriv skulen på sine nettsider.

HSH har størst auke av søkjarar innan studia branningeniør, økonomi og administrasjon, og årsstudia engelsk og idrett. Fleire vil og inn på barnehagelærar-, sjukepleiar-, og grunnskulelærarutdanningane.

I andre enden finn ein studia faglærarutdanning i musikk, årsstudium i kunst og handverk og årsstudium i samfunnsfag. Her har HSH færre søkjarar enn i fjor.

– Samla sett er me godt nøgde med tala i Samordna opptak. Mange av utdanningane våre har fin vekst, nokre er meir stabile – medan ein del har nedgang.

– Me har vel aldri før hatt fleire søkjarar i Samordna opptak enn i år.

 

Om tala i Samordna opptak er betre enn nokon gong for HSH, er det ein nedgang i dei lokale opptaka. Det er utdanningar kor ein søker seg direkte til HSH. Samla sett har HSH i det lokale opptaket ein nedgang på 26 prosent.

Søknaden til realfagskursa er halvert frå i fjor. Det same er søknaden til praktisk pedagogisk utdanning. Og søkjarmengda til elektroingeniør er halvvert.

I tida framover vil HSH studere søkjartala nærare.

– Ei av årsakene til nedgangen innan praktisk pedagogisk utdanning kan vera at me starta opp med eit deltidtilbod i Ryfylket tidlegare i år. Ein annan grunn kan vera at årets søknadsfrist er endra. Ein tredje grunn kan vera at fjorårets søkjartal var rekordhøge. Biletet er nok samansett.

– Samstundes gler me oss over god søknad til den nye barnehagelærarutdanninga på deltid. Her har me 79 søkjarar. Og saman med tala frå samordna opptak så tyder det på at mange vil utdanna seg til barnehagelærar. Det er positivt, meiner studiesjefen på HSH.

– Elles er det godt å sjå at masterutdanningane våre har jamt gode søkjartal.