Stor gevinst med ferjefri E39

09.01.2013
På 20 år sparar trafikantane inn heile den ferjefrie E39 langs Vestlandet, meiner Statens Vegvesen. Den regionale gevinsten er endå større.
Med investeringar på rundt 100 milliardar kroner kan alle dei sju attverande ferjesambanda fjernast på 110 mil lange E39 mellom Trondheim og Kristiansand. Køyretida blir dermed redusert frå dagens 20 timar til 13 timar mellom dei to byane, konkluderer Statens vegvesens prosjekt Ferjefri E39 i ein statusrapport som er levert Samferdsledepartementet. Dette skriv bt.no.

For trafikantane på kyststamvegen gir dette reduserte tids- og køyrekostnader på mellom fire og seks milliardar kroner i året, går det fram av rapporten. Dei regionale vinstane av tiltaket er truleg endå større, og dei nasjonaløkonomiske verknadane alle størst, meiner Vegvesenet.

Vanskeleg
Ferjefriprosjektet som tidlegare regionvegsjef Olav Ellefset er leiar for, vil arbeida vidare med å berekna kor store dei samfunnsmessige effektane er av å fjerna ferjesambanda.

Statusrapporten understrekar at det er vanskeleg å kvantifisera slike effektar, men viser til førebelse utgreiingar som tyder på at regionale verknader av å byggja ut E39 til ein ferjefri veg kan bli endå større enn for trafikantane.

Ei av årsakene til det er at ferjeavløysingsprosjekt fører til utvida bu- og arbeidsområde.

Statusrapporten frå Ferjefri E39 dannar grunnlag for omtale i stortingsmedlinga som regjeringa til våren skal leggja fram om Nasjonal transportplan 2014 - 2023, håpar Olav Ellevset.

Les meir her:

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Vi-sparar-fem-milliardarAkroner-i-aret-pa-ferjefri-kyst-2823546.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund