Styrker det maritime samarbeidet

13.03.2013
Det nasjonale samarbeidet mellom høgskular og universitet som tilbyr maritim utdanning, MARKOM 2020, har god fart. Nye og spennande prosjekt er på beddinga med HSH som prosjektleiar.
HSH skriv på sine nettsider at d ei tre nye prosjekta som no har fått tildelt midlar frå MARKOM 2020 er:

•Praksisprosjekt: Eit prosjekt som skal sjå på kva slags moglegheiter det er for integrert praksis i nautiske utdanningar.
Prosjektet er i år tildelt kroner 200 000, og planen er at dette er eit stort prosjekt som kjem til å gå over fleire år.

•E-læringsprosjekt: Eit forprosjekt som skal sjå på E-læring og samarbeid mellom norske maritime utdanningar.
Til dømes å bruke E-læring i fag kor det kan vere vanskeleg å få tak i førelesarar. Prosjektet er i år tildelt kroner 200 000.

•Læremiddelprosjekt: Eit pilotprosjekt på pensumutvikling som skal utvikle lærebok i sjørettsfag/befraktning.
Prosjektet er eit samarbeid mellom HSH og Høgskolen i Vestfold. Prosjektet er i år tildelt kroner 500 000, og dersom piloten er vellukka kjem prosjektet til å bli vidareført med utvikling av pensum i fleire nautiske fag.

Langsiktig

- MARKOM 2020 er eit spennande prosjekt som famnar breitt. Nokre prosjekt går over fleire år, slik som kompetansebygging, rekruttering, utvikling av studiekvalitet og det å bygge fleire utdanningslaup som til dømes masterutdanningar og overgang frå fagskule til bachelor.

- Dei tre nye prosjekta som me no går i gong med er prosjekt som skal støtte opp om dei langsiktige satsingane og måla våre, seier studieleiar for nautikk i HSH, Johanne Marie Trovåg.

Les meir her: http://www.hsh.no/nyheter/2013030000002259
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund