westcon-180311_1

Den maritime klynge i regionen trenger nærmere 1000 nye arbeidstakere i 2013. Nå teller den over 18.000 medarbeidere.

Skrevet .

Det er leverandørbedrifter og servicebedrifter i olje og skipsfart som har tydelegaste vekstplanar. Slike verksemder søkjer i første rekke ingeniørar, sjøfolk og personar med undervassteknisk kompetanse til nye jobbar, skriv Stavanger Aftenblad.

Dette går fram av ein fersk rapport laga av Maritimt Forum for Haugaland og Sunnhordland. Dei same leverandør- og tenesteytande verksemdene hadde største relativ vekst i fjor med nærare 1600 nye arbeidsplassar.

Kamp om fagfolk

– Kampen om tilgang til kvalifisert personell vil bli den største utfordringa i næraste framtid, seier Solveig Røkenes, dagleg leiar i Maritimt Forum for regionen mellom Stavanger og Bergen. Ho legg til at justerer ein for bedrifter som kuttar i sine stabar i 2013 blir nettotilveksten av nye jobbar i denne bransjen på 872.

Men i undersøkinga er det berre rekna med talet på nye fast tilsette. Alle innleigde i mellombels arbeid er ikkje rekna med.

3000 nye jobbar

Rapporten viser at veksten i talet på tilsette i leverandørindustrien i brei tyding var formidabel i 2012. Talet på tilette auka i fjor med 3369 personar frå knapt 15 000 til i alt 18 227 tilsette.

Med andre ord skjedde det i fjor ein sysselsetjingsvekst på 22,7 prosent i leverandørindustrien i regionen. Då er reiarlag og verft rekna med.

Desse serviceverksemdene omsette samla for over 40 milliardar kroner og auka omsetnaden med 15 prosent frå året før.

Dette nivået er rekordhøgt, går det fram av rapporten

Les meir her: http://www.aftenbladet.no/energi/1000-nye-jobbar-pa-Haugalandet-3100652.html