nordahl truls

Ledigheten i Rogaland øker litt, men på årsbasis har den flatet ut, sier NAV-sjef Truls Nordahl (bildet) om november-tallene.

Skrevet .

Ved utgangen av november var 11 705 heilt utan arbeid i Rogaland, ei auke på 11 prosent samanlikna med same periode i fjor. Arbeidsløysa er no på 4,5 prosent av arbeidsstyrka. I Noreg er arbeidsløysa 2,8 prosent. – Ser me det siste året under eitt har arbeidsløysa flata ut, seier Truls Nordahl.

7 824 av dei heilt utan arbeid er menn medan 3 881 er kvinner. Om lag halvparten har vore utan arbeid i 26 veker eller meir. Arbeidsløysa er høgast blant unge mellom 25 og 29 år i Rogaland (5,9 prosent).

Arbeidsløysa er størst i Sola kommune med 5,5 prosent i november. I Eigersund og Sandnes er arbeidsløysa 5,3 prosent og i Stavanger 5,1 prosent. Tek ein med personar i arbeidsretta tiltak er bruttoarbeidsløysa 6,3 prosent i Sola, 6,4 prosent i Eigersund, 6,2 prosent i Sandnes og 6 prosent i Stavanger.

I vår region ser tala slik ut:

Haugesund har nå 915 helt ledige (4,6%), Karmøy 841 helt ledige (3,8%), Suldal 23 helt ledige (1,1%), Sauda 51 helt ledige (2,0%), Bokn 13 helt ledige (2,9%), Tysvær 110 helt ledige (1,9%) og Vindafjord har 170 helt ledige (3,5%).

Det er størst arbeidsløyse innan yrkesgruppene ingeniør- og ikt-fag (2 152), industri (2 140), bygg- og anlegg (1 693) og kontorarbeid (1 087). I yrkesgruppa bygg- og anlegg er sju prosent færre utan arbeid no i november enn på same tid i fjor.

Det er flest utlyste stillingar innan helse, pleie og omsorg, bygg- og anlegg, reiseliv og transport samt butikk- og salsarbeid. – Eit høgt tal utlyste stillingar i yrkesgruppa bygg- og anlegg signaliserer ei auke i aktivitet i bransjen og indikerer at motkonjunkturtiltak verkar, seier Nordahl.